Opna hovudmenyen

Einar Gram Borch (14. september 18701952) var ein norsk godseigar og politikar, fødd i Stavanger og busett på Jevnaker. I mellomkrigstida representerte han BondepartietStortinget i tre valperiodar.

Einar Borch
Godseier Einar Borch.jpg
Fødd14. september 1870
Stavanger kommune
Død3. januar 1952
Jevnaker
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre, Senterpartiet
Yrkepolitikar, godseigar

Far hans var overlærar i Stavanger. Sjølv tok Einar Borch examen artium ved Kongsgård skole i Stavanger i 1887 og examen philosophicum i 1888. Deretter var han elev ved Jønsberg landbruksskule i Oppland. I 1890-åra tok Borch over styringa med slektsgarden Mo i Jevnaker, ein storgard med tilhøyrande skogeigedomar.

Han var ordførar i Jevnaker herad 1902-07, og seinare medlem i sentralstyret til partiet Høgre. Kort tid etter danninga av Bondepartiet i 1920 melde Borch overgang frå Høgre, og sat i hovudstyret 1925–27 og 1938–47. Han var stortingsrepresentant frå Oppland og for Bondepartiet 1922-27 og 1937-45. Åra 1922-27 var han medlem i Jarnbanekomitéen, frå 1937 i Finans- og tollkomitéen. Valbolken 1925-27 var han visepresident i Stortinget.

Borch var 1925-27 med i hovudstyret til Bondepartiet, og på ny frå 1938 til 1947. Då statsministeren i Bondeparti-regjeringa, Peder Kolstad, døydde våren 1932, ynskte sterke krefter i partileiinga at den konservative Borch skulle ta over. Men den parlamentariske leiaren i Bondepartiet, Jens Hundseid, utmanøvrerte resten av partileiinga og tok sjølv over som leiar av regjeringa.

I åra 1922-34 var Borch preses i Selskabet for Norges Vel.

KjelderEndra