Opna hovudmenyen

Einar Friis Skogstad (29. september 187313. juli 1956) var ein norsk pengemann og bankier. Han var son av organisten i Mandal, Andreas Skogstad (1844-87), og Petra Caroline Friis.

Einar Friis Skogstad
Fødd 29. september 1873
Død

13. juli 1956

Yrke bankier

Det var Skogstadættas musikalske åre som førte Skogstads far frå fødebygda Målselv i Troms til Mandal; nokre av slekta har og gripe til pennen, men for Einar Skogstad vart det pengane.

Etter mange læreår i utanlandske bankar vart han 1906-22 banksjef i Kredittkassen i Oslo. Etter det var han bankier, særleg som formidlar av offentlege lån. Han var medlem i representantskapet for Store Norske Spitsbergen Kullkompani frå 1917, og blei utnemnd til riddar av den franske æreslegionen. Interessa for musikk og litteratur følgde han heile livet.

Friis døydde i Oslo. Han var gammalonkel til næringslivsleiaren Unni Friis Skogstad (*1955).