Opna hovudmenyen

Troms fylke

fylke i Noreg
(Omdirigert frå Troms)

Troms, på nordsamisk Romsa[1] (kvensk: Tromssa[2]), er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord til Finnmark fylke, til i sør til Nordland fylke og i aust til Lapplands län i Finland og Norrbottens län i Sverige.

Troms fylke
Romssa fylka
fylke
fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Adm.senter Tromsø
Areal 25 870 km²
 - land 24 950 km²
 - vatn 920 km²
Folketal 166 499 (1. januar 2018)
Folketettleik 7 / km²
Målform nøytral
Fylkesmann Bård M. Pedersen
Fylkesordførar Knut W. Hansen (Ap)
 - Fylkesrådsleiar Cecilie Myrseth (Ap)
Fylkesnummer 19
Norway Counties Troms Position.svg
Wikimedia Commons: Troms
Nettstad: www.tromsfylke.no

Fylket har kystline mot Norskehavet, og er prega av både hav og fjell. Det har talrike øyar, som Senja, Kvaløya og Ringvassøy, og fjordar, med Lyngenfjorden som den lengst. I kystområdet har fiske alltid vore den viktigaste næringsvegen. I det fjellrike innlandet, derimot, har ein hovudsakleg livberga seg gjennom dyrehald.

Det norske forsvaret er ein viktig arbeidsgjevar i Troms. Den sjette divisjonen, fleire fly- og helikopterbasar og radarstasjonar ligg her.

Innhaldsliste

Politisk styringEndra

Troms fylkeskommune har valt eit parlamentarisk styresett i motsetnad til formannskapsmodellen som er det vanlege i kommunar og fylkeskommunar. I denne modellen vel fylkestinget eit fylkesråd som er det utøvande organet. Tilhøvet mellom fylkesrådet og fylkestinget er då prinsippielt det same som mellom regjeringa og Stortinget. Fylkesrådet er avhengig av å ha tillit i fylkestinget for å kunne styre. Fylkesrådet i Troms er etter valet i 2015 sett saman av fem personar utgått frå Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp), Venstre (V) og Kristeleg folkeparti (Krf).

Partifordeling ved val:

Parti: Representantar 2011: Representantar 2015:
Arbeidarpartiet 12 12
Høgre 9 6
Framstegspartiet 6 5
Sosialistisk Venstreparti 2 2
Senterpartiet 3 4
Kristeleg Folkeparti 1 2
Venstre 2 2
Miljøpartiet Dei Grøne - 2
Kystpartiet 1 -
Raudt 1 2

FylkesvåpenEndra

Fylkesvåpenet viser ein griff. Dette er eit fabeldyr som er halvt løve og halvt ørn. Som våpen symboliserer griffen motet til ørna og styrken til løva. Griffen var merket til Bjarkøyætta. Denne slekta var i seinmellomalderen ei av dei rikaste og mektigaste i Noreg. Baron Bjarne Erlingssøn som døydde i 1313 førte griffen som våpen. Godset hans omfatta sannsynlegvis store delar av det som i dag er Troms fylke.

KommunarEndra

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
1902   Tromsø Tromsø 000000000075638.000000000075 638 000000000002524.00000000002 524 nøytral Nord-Troms
1903   Harstad Harstad 000000000024820.000000000024 820 000000000000446.0000000000446 nøytral Sør-Troms
1911   Kvæfjord Borkenes 000000000002928.00000000002 928 000000000000513.0000000000513 nøytral Sør-Troms
1913   Skånland Evenskjer 000000000002994.00000000002 994 000000000000495.0000000000495 bokmål Sør-Troms
1917   Ibestad Hamnvik 000000000001380.00000000001 380 000000000000241.0000000000241 bokmål Sør-Troms
1919   Gratangen Årstein 000000000001117.00000000001 117 000000000000313.0000000000313 nøytral Sør-Troms
1920   Lavangen Tennevoll 000000000001061.00000000001 061 000000000000302.0000000000302 nøytral Sør-Troms
1922   Bardu Setermoen 000000000003979.00000000003 979 000000000002704.00000000002 704 nøytral Midt-Troms
1923   Salangen Sjøvegan 000000000002226.00000000002 226 000000000000458.0000000000458 nøytral Sør-Troms
1924   Målselv Moen 000000000006798.00000000006 798 000000000003322.00000000003 322 nøytral Midt-Troms
1925   Sørreisa Sørreisa 000000000003494.00000000003 494 000000000000363.0000000000363 nøytral Midt-Troms
1926   Dyrøy Brøstadbotn 000000000001165.00000000001 165 000000000000289.0000000000289 bokmål Midt-Troms
1927   Tranøy Vangsvik 000000000001536.00000000001 536 000000000000524.0000000000524 nøytral Midt-Troms
1928   Torsken Gryllefjord 000000000000943.0000000000943 000000000000243.0000000000243 bokmål Midt-Troms
1929   Berg Skaland 000000000000902.0000000000902 000000000000294.0000000000294 bokmål Midt-Troms
1931   Lenvik Finnsnes 000000000011644.000000000011 644 000000000000893.0000000000893 nøytral Midt-Troms
1933   Balsfjord Storsteinnes 000000000005653.00000000005 653 000000000001496.00000000001 496 bokmål Nord-Troms
1936   Karlsøy Hansnes 000000000002263.00000000002 263 000000000001086.00000000001 086 nøytral Nord-Troms
1938   Lyngen Lyngseidet 000000000002877.00000000002 877 000000000000813.0000000000813 nøytral Nord-Troms
1939   Storfjord Hatteng 000000000001856.00000000001 856 000000000001543.00000000001 543 nøytral Nord-Troms
1940   Kåfjord Olderdalen 000000000002132.00000000002 132 000000000000991.0000000000991 bokmål Nord-Troms
1941   Skjervøy Skjervøy 000000000002925.00000000002 925 000000000000473.0000000000473 bokmål Nord-Troms
1942   Nordreisa Storslett 000000000004944.00000000004 944 000000000003437.00000000003 437 bokmål Nord-Troms
1943   Kvænangen Burfjord 000000000001224.00000000001 224 000000000002108.00000000002 108 nøytral Nord-Troms
Totalt   Troms Tromsø 000000000166499.0000000000166 499 000000000025870.000000000025 870 nøytral Troms

PolitikkEndra

Det er 37 representantar i fylkestinget.

Partifordeling etter valet i 2015:

Parti: Representantar:
Arbeidarpartiet 12
Høgre 6
Framstegspartiet 5
Senterpartiet 4
Sosialistisk Venstreparti 2
Raudt 2
Venstre 2
Miljøpartiet dei grøne 2
Kristeleg Folkeparti 2
Kystpartiet 0

KlimaEndra

Klimaet i Troms er prega av den kompliserte topografien, som gjev stor skilnad mellom kyststrøk og indre strøk.

Om sommaren bles bakkevinden som regel frå nord-nordaust ved kysten, medan det i fjordar og dalføre bles inn mot dei varmare indre strøka. Om vinteren bles det ofte kald utfallsvind og ved kysten er retninga som regel frå søraust til sørvest. Kuling og storm er ikkje så hyppig som på utsette kyststrekningar i Nordland og Finnmark.

Februar er den kaldaste månaden av året med ein middeltemperatur på kring –2 °C, medan middeltemperaturen i indre dalstrøk varierer frå –6 til –9 °C. Dei lågaste minimumstemperaturane som er målt er frå -10 til –15 °C ved kysten og frå –30 til –40 °C i dalstrøka. Middeltemperaturen for juli er 11–12 °C ved kysten og kring 14 °C i indre dalstrøk. Når det i midnattssoltida strøymer varm luft frå søraust, kan det bli opp mot 30 grader ved kysten og over dette i indre strøk.

På grunn av topografien varierer nedbøren sterkt i fylket. Årsnedbøren er omkring 750 mm i ytre kyststrøk og 1000-1500 mm i ein maksimalsone langs kystfjella. Over dei skjerma dalstrøka fell det berre 300-600 mm. Nær kysten kan det somme år komme særs mykje snø i samband med ustabil havluft frå nordvest. Ytre strøk har ein del tåke på sommaren, men det er elles sjeldan tåke i lågareliggande strøk.

BakgrunnsstoffEndra