Einar Løchen (20. november 185027. november 1908) var ein norsk embetsmann fødd i Vang i Hedmark. Han var justisminister 1898-1900 og leiar av Høgsteretten 1900-08. Arne Løchen var tvillingbror hans.

Einar Løchen
Einar Løchen.jpg
Fødd 2. november 1850
Vang
Død

27. november 1908

Yrke politikar, dommar

Løchen var son til ein «overkontrollør». Han vart student i 1869 frå katedralskulen i hovudstaden og cand.jur. i 1876. Åra frå 1877 til 1879 praktiserte han sakføraryrket i Trondheim og frå 1880 i Kristiania. Frå 1886 var han høgsterettsadvokat. Han var statsadvokat i Oslo frå 1893.

Den 17. februar 1898 vart Løchen utnemnd til justisminister i Steen II-regjeringa, var medlem i den norske statsrådsavdelinga i Stockholm til 31. mai 1899. I november 1900 gjekk han ut av regjeringa då han samstundes vart utnemnd til høgsterettsjustitiarius. Løchen døydde i hovudstaden 58 år gammal.

KjelderEndra