Einbeck er ein by i Northeim-krinsen, i sørdelen av delstaten Niedersachsen i Tyskland. Kommunen Einbeck har eit areal på 166 km², og vel 26 000 innbyggarar (2011). Om kring 15 000 menneske bur i bykjernen, resten bur i 31 landsbyar og grender.

Einbeck
by
Torg i Einbeck, med den evangelisk-lutherske kyrkja St. Jacobii.
Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Areal 231,92 km²
Folketal 30 728 (31. desember 2022)
Kart
Einbeck
51°49′00″N 9°52′00″E / 51.816666666667°N 9.8666666666667°E / 51.816666666667; 9.8666666666667
Wikimedia Commons: Einbeck

Byen ligg der elva Ilme renn ned i den større elva Leine.

Næring

endre

Einbeck er kjend som heimstaden til Einbecker Bier, eit øl som har vorte brygga i over 600 år og som vert rekna som det opphavlege bokkølet. Eit verdsomspennande planteforedlingfirma, KWS Saat, har hovudkontoret sitt i byen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Einbeck