Eininga lea
Lea er ei eldre måleining for garntjukkleik eller garnnummer, særskild nytta for lingarn. Han syner til kor mange hespar på 300 yard (274 meter) som veg eit britisk pund eller 0,454 kg.
I dag nyttar ein i staden lengdetettleiken til garnet, målt i tex, der 1 tex er 1 gram/kilometer. Viss garnnummeret er n lea er lengdetettleiken 1657/n tex.
Kjelder
endre- Holtebekk, Trygve. (14. februar 2009). Lea. I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013.