Yard (fork. yd) er ei engelsk lengdeeining, som er definert som 3 fot, eller 36 tommar. Ein yard er dermed 0,9144 meter.

Historie endre

Tidlegare var ein yard delt inn 2, 4, 8 eller 16, til respektive half-yard, span, finger og nail.

Opphavet til yarden er det mange forklaringar på. Ordet kjem frå eit angelsaksisk ord for målestav. Lengda blir sagt å vere lengda frå nasetippen til tuppen på tommelen på kong Henrik I av England. Andre versjonar er at det tilsvarar livvidda til ein person, eller at det tilsvarar det dobbelte av ein engelsk alen. Kong Edgar skal ha etablert den såkalla Winchester yards i år 965, som skal vere grunnlaget for dei seinare Tudor yards (1590) og den noverande imperial yards (1844).

Andre måeleiningar knytt til yard endre

  • Square yard = yd² = 0,8361... m²
  • Yard of land = 30 acres = 12,14 hektar
  • Cubic yard = yd³ = 0,76455... m³

Kjelder endre