Eirik Ivarsson (ca. 11301213) var ein norsk erkebiskop som stod sentralt i striden mellom kong Sverre og den katolske kyrkja.

Eirik Ivarsson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. hundreåret
Død

1213

Yrke katolsk prest
Religion Den romersk-katolske kyrkja

Bakgrunn endre

Eirik var av god ætt. Faren hans, Ivar Skrauthanke, hadde vore biskop i Nidaros på 1140-talet. Eirik hadde òg studert ved St. Victorklosteret i Paris, og vart vigsla til biskop i Stavanger av Øystein Erlendsson i 1171.

Erkebiskop endre

Trass motstand frå kong Sverre vart Eirik vald til erkebiskop etter at Øystein Erlendsson døydde i 1188. Erkebispevalet sommaren 1188 veik på fleire punkt frå dei forskriftene som i 1153 var gjevne for slike val. Det fann ikkje stad ved metropolitansetet, og forgjengaren hadde før han døydde nærast utpeikt Eirik som etterfølgjaren sin. I tillegg var Eirik ein ivrig gregorianar som gjekk inn for ei sterkare kyrkje, og det var difor naturleg at kong Sverre talte imot å velje han.

Snart kom han opp i heftig strid med kongen, som hevda retten sin til å øve innverknad på dei geistlege vala. Kongen søkte også å innskrenke inntektene til erkestolen og han ville forby erkebispen å halde væpna følgje. Biskopen flykta då til Danmark, der han fann støtte hos erkebiskop Absalon og oppnådde at paven lyste Sverre i bann og tvinga dei norske bispane til å forlate Noreg. Etter at Sverre døydde, vart Eirik samd med Håkon, sonen hans, og vende tilbake til Noreg i 1202. Han var då blind, men vart ståande som erkebiskop inntil 1205, då han trekte seg attende.

Kjelder endre