Eirik Milde

norsk politikar

Eirik Milde (fødd 20. mai 1958) er ein norsk politikar som er ein av Høgres tre representantar frå ØstfoldStortinget 2013-2017.[1] Milde er medlem av Energi- og miljøkomitéen.[2]

Eirik Milde

Fødd20. mai 1958 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Eirik Milde har vore medlem av både administrasjonsutvalet og fylkesutvalet i Østfold fylkeskommune.[3] Han har vore engasjert i Halden Høgre sidan 1999, og har hatt ei rekkje ulike verv både der og i Østfold Høgre. Mellom anna: varaordførar i Halden frå 2001-2007, ordførarkandidat i Halden i 2003 og representert Høgre på fylkestinget 2007-2009. Frå 2008 er han andre nestleiar i Østfold Høgre og 2011-2015 er han representant i kommunestyret i Halden.[4]

Kjelder

endre
  1. Høgskoleavisa, 10.09.13: Bengt Morten inn på Stortinget. Vitja 30.10.13, arkivert frå originalen 1. november 2013, henta 30. oktober 2013 
  2. Biografi hjå Stortinget
  3. Profil hjå Østfold Fylkeskommune, arkivert frå originalen 1. november 2013, henta 30. oktober 2013 
  4. Profil hjå Høgre