Eirin Faldet
Eirin Faldet (fødd 5. januar 1944) er ein norsk politikar fødd i Oslo, busett i Trysil. Ho var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og Hedmark fylke i tidsrommet 1985-2009.
Eirin Faldet | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. januar 1944 (80 år) Oslo |
Yrke | politikar, sosialarbeidar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Faldet arbeidde som lærar i Oslo og i Trysil i tida 1962-71. Ho var så sosialassistent i Trysil i to år og deretter sosialkurator same staden i fem år fram til 1978. Perioden 1978-81 arbeidde ho ved Sanderud psykiatriske sykehus og ved Avrusningsstasjonen i Oslo. Frå 1981 var ho leiar for utekontakten i Hamar.
Faldet vart innvald på Stortinget frå Hedmark i 1985 og deretter gjenvald fem gongar. I sin fyrste stortingsperiode var ho medlem av justiskomiteen, sekretær i denne frå regjeringsskiftet i mai 1986. Hausten 1989 vart ho medlem av sosialkomiteen, deretter medlem av samferdslekomiteen frå november 1990 då Gro Harlem Brundtland tok over som statsminister etter Jan P. Syse. Stortingsperioden 1993-97 var ho med i kommunalkomiteen, deretter var ho tilbake i samferdslekomiteen frå 1997 til 2001. Faldet var så medlem i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i perioden 2001-05, før ho avslutta stortingstida som medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen. Dei to siste stortingsperiodane var ho elles Stortingets varapresident.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eirin Faldet» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2013.