Gro Harlem Brundtland

norsk politikar

Gro Harlem Brundtland (fødd 20. april 1939) er ein norsk politikar og lege. Ho var den første kvinnelege statsministeren i Noreg.

Gro Harlem Brundtland
Gro Harlem Brundtland2 2009 04 20.jpg
Fødd20. april 1939 (83 år)
Bærum
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkelege, politikar, diplomat
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedDet medisinske fakultet
Harvard T.H. Chan School of Public Health
FarGudmund Harlem
EktefelleArne Olav Brundtland
BarnKnut Brundtland
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Norsk Kvinnesaksforening
Academia Europaea
VervWHOs generaldirektør 13. mai 1998–21. juli 2003
FøregangarHiroshi Nakajima
EtterfylgjarLee Jong-wook
VervNorsk statsminister 3. november 1990–24. oktober 1996
FøregangarJan P. Syse
EtterfylgjarThorbjørn Jagland
VervNorsk statsminister 9. mai 1986–16. oktober 1989
FøregangarKåre Willoch
EtterfylgjarJan P. Syse
VervNorsk statsminister 4. februar 1981–14. oktober 1981
FøregangarOdvar Nordli
EtterfylgjarKåre Willoch
VervStortingsrepresentant 1. oktober 1977–30. september 1997

BakgrunnEndra

Ho vart fødd i Bærum ved Oslo som dotter av statsråden og medisinsk professor Gudmund Harlem. Ho tok sjølv medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1963 og sidan Master of Public Health ved Harvard-universitetet i Sambandsstatane (USA) i 1965.

KarriereEndra

Gro Harlem Brundtland var miljøvernminister frå 1974 til 1979. Ho vart den første kvinnelege norske statsministeren då ho overtok etter Odvar Nordli og danna si første regjering frå februar til oktober 1981. Etter at regjeringa Willoch gjekk av etter eit kabinettspørsmål i mai 1986 danna ho si andre regjering som sat til oktober 1989. Då regjeringa Syse fall den 3. november 1990 danna ho si tredje regjering, som sat til 25. oktober 1996, då ho gjekk av og vart etterfylgd av Thorbjørn Jagland. Ho hadde allereie gått av som leiar av Arbeidarpartiet i 1992. Brundtland gjekk ihuga inn for norske EU-medlemskap, men tapte folkerøystinga om EU i 1994.

I 1998 vart Brundtland vald til generaldirektør for Verdas helseorganisasjon (WHO). Brundtland mottok tittelen som Policy Leader of the Year for koordineringa av arbeidet mot SARS-utbrotet i 2003. Ho gjekk av frå stillinga sommaren 2003. Etterfylgjar vart Jong-Wook Lee. Brundtland lever no eit roleg liv i Frankrike.

Prisar og utmerkingarEndra

  • 1988 Årets budeie
  • 1988 Årets skandinav
  • 1989 Third world prize
  • 1989 Indira Gandhis pris for fred, nedrustning og utvikling
  • 1988 Det europeiske miljøvernbyrås miljøvernpris
  • 1989 Peace Link Woman of Peace
  • 1990 Beyond War Award
  • 1991 United Nations Association of Spain Peace Prize
  • 1992 The Delphi Prize
  • 1994 Der internationale Karls Preis zu Aachen
  • 1994 Josef Brecht-prisen (Luxemburg) for spreiing av Europatanken om fred og samarbeid
  • 1995 Fredsprisen "Women for peace", Roma
  • 1995 Pris fra Kennedy Selskabet i Danmark, "Profiles of courage"
  • 1997 Årets Peer Gynt
  • 2002 Gøteborgs internasjonale miljøpris
  • 2003 Luther L. Terry Award
  • 2003 Landsforeningen for hjerte- og lungesykes ærespris
  • 2004 Fredrikkeprisen, Norske Kvinners Sanitetsforenings ærespris
  • 2006 Tahiti-prisen (Innsats for å auka kunnskapen om globale tilhøve og utviklingstrekk av tyding for Noreg og nordmenn)
  • 2006 Albert-prisen (for sitt arbeid for berekraftig utvikling. Delt ut av Royal Society for the Encouragement of Arts, Manufactures and Commerce (RSA), London)

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra