Opna hovudmenyen

Eisaku Satō (27. mars 19013. juni 1975) var ein japansk politikar og nobelprisvinnar.

Eisaku Satō
Eisaku Sato 1960.jpg
Fødd27. mars 1901
Yamaguchi
Død3. juni 1975
Tokyo
NasjonalitetJapan
PartiDet liberaldemokratiske parti
Yrkepolitikar
Utdanna vedGraduate School for Law and Politics, the University of Tokyo
FarHidesuke Satō
BarnSatō Shinji

Innhaldsliste

Tidleg livEndra

Eisaku Sato voks opp i prefekturet Yamaguchi, heilt sør på øya Honshu i Japan. Han studerte ved Universitetet i Tokyo, og vart etter kvart politikar for det liberale partiet i Japan. Han heldt så fram i det liberaldemokratiske partiet etter at det liberale fusjonerte med det demokratiske partiet. Han arbeidde seg oppover i politikken, og var ein av ministrane som hadde ansvar for Sommar-OL 1964 i Tokyo.

StatsministerEndra

I 1964 etterfølgde Satō Hayato Ikeda som statsminister grunna Ikeda si dårlege helse. Satō vart gjenvald i 1967 og endå ein gong i 1970. Då han gjekk av i 1972 hadde han site i tre periodar, nærmare åtte år. Satō var ein populær statsminister på grunn av Japan sin blømande økonomi. I utanrikspolitikken, der han veksla mellom å samarbeida med USA og Kina, vart det meir bylgjer. Satō støtta samarbeids- og tryggleiksavtalen mellom Japan og USA, noko som førte til mange valdsame protestar i Japan, særleg blant studentane. Satō valde deretter å stengja Universitetet i Tokyo eitt år i 1969. Då han gav seg i 1972, vart han etterfølgd av Kakuei Tanaka.

Nobels fredsprisEndra

I 1974 vann Eisaku Satō Nobels fredspris. Prisen vart delt med iren Sean MacBride. Satō vart med dette den fyrste asiaten som vann fredsprisen, og han er så langt den einaste frå Japan som har vunne prisen.

KjelderEndra