Ekliptikken er den tilsynelatande stigen sola følgjer over himmelen gjennom året. Høgda til ekliptikken på himmelen varierer gjennom året grunna jordas aksehelning. Ekvatorialplanet til jorda er ikkje parallelt med ekliptikken, men har ei helning på 23,5° i forhold.

Forholda mellom ekliptikken og rotasjonsaksen, baneplanet og aksehelning. Celestial equator er jordas ekvatorplan.
Ekliptikkplanet kjem her tydeleg til syne med, frå venstre mot høgre, Merkur, Mars og Saturn som ligg nær det. Sola kan sjå vidt sjåast bakom månen som her vert opplyst av planetskin (sollys reflektert av jorda). Biletet er teke av romsonden Clementine.

Dei fleste planetane har ein bane nær ekliptikken, og ser ut til å liggja på ei rett snor. Merkur skil seg med sin banehelling på 7°. Før han vart omklassifisert som ein dvergplanet, var Pluto med ein banehelling på 17° det mest ekstreme unntaket. Andre lekamar, som Eris (44°) og 2 Pallas (34°), har endå større banehelling.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.