Ekshausjonsbevis er ein bevismetode som vart nytta i den greske matematiske skulen, ved problem der ein no ville bruke grenseovergangar. Ekshausjonsbevis vart særleg nytta ved areal- og volumutrekningar. Metoden vart visstnok først innført av Evdoxos og vart ofte brukt av Evklid, men hos Arkimedes finn ein metoden i den mest fullkomne forma. Ekshausjonsbevis kan kort skildrast som ein metode basert på tilnærmingar ved hjelp av polygon og polyeder.

Kjelder

endre