Oreigning

(Omdirigert frå Ekspropriasjon)

Oreigning eller ekspropriasjon er i norsk juridisk terminologi ei tvungen avståing av eigedomsrett og andre rettar til fast eigedom (grunn, hus osb.) som styresmaktene sett i verk for å gjennomføre offentleg vedtekne arealplanar, eller for andre føremål i medhald av lov. Erstatninga for avståinga vert fastsett ved rettsleg skjøn styrt av tingretten.

Før det vert gjort vedtak om oreigning skal det offentlege ha freista å kome fram til friviljug avståing mot betaling.

Bakgrunnsstoff

endre