Tingrett

rettsinstans i Noreg

Tingretten er det lågaste nivået i domstolsystemet i Noreg, når ein ser vekk frå at somme sivile saker (det vil seie saker som ikkje gjeld straff for lovbrot) kan verte avgjorde i forliksrådet. Tingretten dømmer både i straffesaker (saker som gjeld straff for lovbrot) og i sivile saker (saker som gjeld tvistar og usemje mellom partar).

Nemninga tingrett vart innført i 2002. Tidlegare vart nemninga byrett nytta dersom domstolen høyrde heime i «byen» og heradsrett dersom domstolen høyrde heime på «landsbygda». Fram til 1. januar 2003 vart tingretten kalla forhøyrsrett, skifterett, namsrett, skjønsrett eller vergemålsrett etter kva slags saker som var til førehaving. Men frå og med 2003 er nemninga i alle høve tingretten, utan omsyn til om det til dømes gjeld eit rettsleg skjøn i samband med oreigning, eller skifte av eit dødsbu.

Leiarane for tingrettane har nemninga sorenskrivar og vert utnemnde av Kongen i statsråd, det vil seie av regjeringa i møte under leiing av Kongen i samsvar med føresegner i Grunnlova. I tillegg har tingrettane fast utnemnde domarar med tittelen tingrettsdomarar, og elles ein eller fleire domarfullmektigar, vanlegvis yngre juristar som er tilsette for to eller tre år, og som etter ei tid vert gjevne fullmakt til å dømme i dei fleste saker.

Med somme unntak skal alle sivile rettstvistar og alle straffesaker til førehaving i tingretten før det kan kome på tale å få ei avgjerd i ein høgare rettsinnstans, som er lagmannsretten i det distriktet som tingretten høyrer til, og til sist Høgsterett i Oslo.

I straffesaker, som er saker der den offentlege påtalemakta krev at ein person vert straffa for lovbrot, vert tingretten til vanleg sett med ein juridisk utdanna dommar (som vert kalla fagdommar) og to lekdommarar, som er vanlege folk plukka ut etter ei særleg liste ved lutdraging. Dei skal avgjere skuldspørsmålet og fastsetje straffa dersom dei kjem til at personen har gjort seg skuldig i det påtalemakta krev vedkommande straffa for. Om den tiltalte utan atterhald vedgår å ha gjort lovbrotet på den måten som er skildra av påtalemakta, og denne tilståinga er støtta av prova som påtalemakta har lagt fram, har den juridiske dommaren høve til å avgjere saka åleine og fastsetje straffa for lovbrotet (saka går då som ei tilståingssak).

Tingretten avgjer òg krav frå påtalemakta om varetektsfengsling og somme andre inngrep som lova gjev politi og påtalemakta høve til å setje i verk under fastsette vilkår i særlege høve, til dømes krav om få gjere løynd telefonavlytting og anna overvaking. Tingretten avgjer òg krav om at ein person skal nektast å oppsøkje eller opphalde seg i nærleiken av ein eller fleire personar som han er til fare eller ulempe for.

I sivile saker vert tingretten til vanleg sett med berre ein juridisk dommar. I somme saker blir det i tillegg oppnemnd to lekdommarar, som òg kan ha særleg kunnskap om dei spørsmåla som usemja gjeld.

Tidlegare var det vanleg at domstolane på fyrsteinstansnivå i dei største byane var delte etter funksjon, med skifterett og byfutembete som særskilde domstolar innanfor avgrensa saksområde. No er det berre i Oslo at det er ei slik deling, ved at Oslo tingrett tek seg av alle straffesaker og alminnelege sivile saker, medan Oslo byfutembete mellom anna har har namssaker og skiftesaker. Oslo byfutembete og Oslo tingrett vert slegne saman 26. april 2021. Etter dette vil alle tingrettane i Noreg vere fullfaglege.

Det er for tida 60 tingrettar i Noreg, men dette blir redusert til 23 frå 26. april 2021.

Ettersom dei fleste avgjerdene i tingrettane ikkje vert påanka til lagmannsrettane, eller vilkåra i lova for å kunne krevje ny førehaving i lagmannsrettane ikkje er stetta, er tingrettane dei domstolane der dei fleste rettssakene vert endeleg avgjorde. Mange av dei sivile sakene kjem heller ikkje så langt som til tingrettane, men vert avgjorde i forliksrådet, som er ein meklingsinstans. Endeleg dom i forliksrådet er vanleg i enkle saker i samband med innkrevjing av gjeld for kjøp av varer og tenester.

BakgrunnsstoffEndra