Eléni Vitáli
gresk songar
Eléni Vitáli[a] (fødd 19. september 1954 i Aten) er ein populær gresk songar og komponist som er aktiv innan fleire musikksjangrar, til dømes gresk pop og rebetiko.
Eléni Vitáli | |||
Fødd | 19. september 1954 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Aten | ||
Fødenamn | Ελένη Λαβίδα | ||
Opphav | Hellas | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, komponist | ||
Far | Takis Lavidas |
Ho blei fødd inn i ein musikalsk tsigani-familie. Faren Takis Lavidas var santur-spelar, og mora Lucy Karageorgiou song på festivalar. Som barn reiste Vitáli over heile Hellas, og foreldra påverka ho tidleg til å slå inn på ein musikalsk karriere.
Vitáli har samarbeidd med fleire av dei mest kjende utøvarane og komponistane i Hellas.
I 1975 gifta ho seg med musikaren Vangélis Xídi og fekk i 1976 sonen Níko Xídi – han er låtskrivar og musikkprodusent.
Merknadar
endre- ↑ Gresk skrift Ελένη Βιτάλη
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på artikkelen om Ελένη Βιτάλη på Wikipedia på gresk 07. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Eleni Vitali på myspace.com
- Eleni Vitali Arkivert 2012-04-05 ved Wayback Machine. på mygreek.fm
- Musikkvideo: Δρόμοι που αγάπησα