El Prat de Llobregat
El Prat de Llobregat, ofte berre kalla El Prat, er ein by og ein kommune i Catalonia i Spania. Han ligg ved deltaet til Llobregat på høgresida. Meir enn ein fjerdedel av arealet til kommunen er dekt av Barcelona lufthamn. Bortsett frå transportårene til flyplassen, har El Prat jernbanestasjon langs kystlinja frå Barcelona til Valencia. Kommunen har òg ei strand og eit lite naturreservat.
El Prat de Llobregat | |||
---|---|---|---|
Barcelona-El Prat internasjonale lufthamn | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Spania | ||
Autonom region | Catalonia | ||
Provins | Barcelona | ||
Grunnlagd | 1700-talet | ||
Borgarmeister | Luis Tejedor y Ballesteros | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
31,17 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
62 899 2 017,9 /km² | ||
Koordinatar | 41°19′N 2°06′E / 41.317°N 2.100°E | ||
Høgd over havet | 8 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Nettstad: www.elprat.cat |
Historie
endreEl Prat vart grunnlagd mellom 1720 og 1740, då byen starta å vekse opp rundt eit vegkryss. Dei første byggverka som dukka opp var ei kyrkje, eit hostell og nokre bustadhus for bøndene i området. Seinare vart det bygd bru over elva, Ferran Puig, og på 1800-talet kom jernbanen til området. Den første fabrikken i byen var ein papirfabrikk. I 1923 vart det bygd tre flyplassar i kommunen, på grunn av det flate terrenget her. Dette var starten på det som enda opp som Barcelona lufthamn etter at dei tre flyplassane vart slått saman i 1948.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «El Prat de Llobregat» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Panareda Clopés, Josep Maria; Rios Calvet, Jaume; Rabella Vives, Josep Maria (1989). Guia de Catalunya, Barcelona:Caixa de Catalunya. ISBN 84-87135-01-3