Opna hovudmenyen

Eldar Hansen

norsk fotballspelar

Eldar Hansen (fødd 7. november 1941) er ein norsk tidlegare fotballspelar og idrettsleiar, president i Norges Fotballforbund 1980-87. Hansen var den fyrste Rosenborg-spelaren som spelte på Noregs landslag.

Eldar Hansen
Eldar Hansen.jpg
Fødd 7. november 1941
Trondheim
Yrke fotballspelar
Eldar Hansen på Commons

Hansen var så godt som ukjend før finalen i noregsmeisterskapen i fotball 1960. Han skåra då alle tre måla då Odds Ballklubb og Rosenborg spelte uavgjort 3-3 i cupfinalen og måtte ut i omkamp ei veke seinare. På ny vart det ein jamn kamp, ved ordinær tid stod det 1-1 etter at Hansen gav RBK leiinga. Nokre få minuttar ut i andre omgang, på stillinga 2-2,skåra Hansen sitt femte finalemål og syrgde for at kongepokalen hamna hos Rosenborg, ein klubb som spelte i landdelsserien og aldri hadde vore i Hovedserien. Omgåande vart han landskjend som Femmåls-Eldar.

Året debuterte Hansen på landslaget i ein VM-kvalifiseringskamp mot Sovjetunionen i Moskva, der han skåra Noregs andre mål i eit oppgjer som enda med norsk tap 2-5. Fleire landskampar fekk han ikkje, og heller tidleg var han plaga med skadar som hindra han i å utvikle seg som spelar. I 1964 kopierte Rosenborg NM-triumfen frå 1960 med finalesiger 2-1 over Sarpsborg FK, framleis som 2. divisjonslag. Hansen la opp i 1968 etter rundt 100 serie- og 35 cupkampar for Rosenborg, nesten alle seriekampane på nivå to.

Hansen var president i Norges Fotballforbund frå 1980 til 1987. Deretter var han formann i Rosenborg Ballklub til 1992, då han vart tvinga til å gå av etter ei skattesak. Frå 2007 til 2010 var han styreleiar i IK Skeid.

MerittarEndra

  • Norsk meister: 1960 og 1964 med Rosenborg

KjelderEndra