IK Skeid
Idrettsklubben Skeid er eit idrettslag i Oslo. Laget vart stifta 1. januar 1915 som Kristiania Ballklubb, namnet Skeid vart teke i bruk i 1925 då Kristiania Ballklubb og idrettslaget Frem samla seg i eitt lag.
Skeid har gjort seg gjeldande i bandy, ishockey, orientering og skiidrett, men er mest kjend som fotballklubb.
Fotballklubben
endreA-laget spelar i 2. divisjon i avdeling 1 (2020).[1]
Skeid vart seriemeister i fotball i 1966 og har vunne fotballcupen heile åtte gongar; 1947, 1954, 1955, 1956, 1958, 1963, 1965 og 1974.
Noverande spelarar
endre- Nummer 12, Emil Fiskvik, målvakt (sommaren 2020)[2]
- 30, Idar Nordby Lysgård (andre kvartal 2020)[2]
- Christoffer Vie Angell, forsvarsspelar (2. kvartal 2020)[2]
- Fredrik Tobias Berglie, midtbanespelar[2]
- 3, Stian Pettersen, spiss[2]
- Abel William Stensrud[2]
- 24, David Hickson Gyedu[2]
- 11, Johnny Per Budusson[2]
Namn i dettte avsnittet vart sist endra i juni 2020.[2]
Tidlegare Skeid-spelarar
endreDei mest kjende Skeid-spelarane er Hans Nordahl, Harald Hennum, Finn Gundersen, Kjell Kaspersen, Finn Thorsen, Trygve Bornø, Tor Egil Johansen og Jan Birkelund.