Eldbor
Eldbor er ein primitiv reiskap ein kan bruka til å skapa eld ved hjelp av friksjon gjennom å rotera ein trepinne raskt i eit hol på eit trestykke som står stille.[1][2][3]
Slike bor kan ha mange ulike utformingar, som handbor, bogebor eller pumpebor. Pinnen er vanlegvis 1–2 cm tjukk og har ein butt ende. Både pinnen og trestykket ein roterer han mot bør vera at tørt, mellom-mjukt tre utan kvae, som som gran, seder, balsam, yucca, osp, svartlind, hestekastanje, selje eller amerikalerk.[4]
Prinsippet med metoden er å skapa varme gjennom friksjonen gjennom enden av trepinnen og trestykket med hol i. Etter ei stund omforma varmen treet i kontaktsona til kol, som blir omdanna til pulver av friksjonen. Ved å halda fram friksjonen vil kole til slutt danna ei lita gnist som kan bli bruka til å laga eld i ei knusksamling - eit laus samling av brennbart materiale.[4]
Galleri
endre-
Bruk av eldbor i Black Moshannon State Park
-
Handbor
-
Pumpebor
-
Eldmakarutstyr frå Ongmagsalik på Grønland
-
Bogebor
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fire drill (tool)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2022.
- ↑ Frederick Webb Hodge (1. juli 2003). Handbook of American Indians North of Mexico V. 1/4. Digital Scanning Inc. s. 402–. ISBN 978-1-58218-748-8.
- ↑ Roger Bradley Ulrich (2007). Roman Woodworking. Yale University Press. s. 30–. ISBN 0-300-10341-7.
- ↑ Nisha Garg; Amit Garg (30. desember 2012). Textbook of Operative Dentistry. JP Medical Ltd. s. 103–. ISBN 978-93-5025-939-9.
- ↑ 4,0 4,1 Beard, Daniel (2014) [1920]. Camp-Lore and Woodcraft. Courier Corporation. ISBN 978-0-486-80079-0.