Selje
- Denne artikkelen handlar om treslaget. For kommunen i Nordfjord, sjå Selje kommune.
Selje | |
![]() Selje | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av selje | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Vierfamilien Salicaceae |
Slekt: | Vierslekta Salix |
Art: | Selje S. caprea |
Vitskapleg namn | |
Salix caprea |
Selje (latin Salix caprea) er namnet på eit treslag av vierslekta i vierfamilien. Seljer skil seg ut frå dei fleste andre pilslaga ved at blada er breiare enn dei utprega langsmale pilblada.
UtsjånadEndra
VekstformEndra
Seljer veks oftast i buskform med fleire stammar som blir kring 2–3 meter høge. Ved einstammig form i godt lys kan selja vakse til tre på 6–14 meters høgd – og unntaksvis opp til 20 m.
BladEndra
Seljeblada er 5–12 cm lange, og grøne på oversida, men gråkvite på undersida. Her er dei kledde med filtaktige hår som truleg har som oppgåve å verna blada mot væsketap.
BlomsterEndra
Selja blomstrar tidleg og på berr kvist. Knoppane er verna av eit brunt, blankt skal, medan blomeorgana er verna av grå dun eller pels som gjev dei ein særprega utsjånad. Dei mjuke, avrunda blomane blir gjerne kalla gåsungar.
BrukEndra
DyrefôrEndra
Lauv og greiner av selje blir tradisjonelt bruka til husdyrfôr i norsk landbruk – særleg for sauer og geiter.
SeljefløyteEndra
Når selja er særleg sevjerik kring slutten av mai og utover juni, har det vore vanleg å laga seljefløyter. Desse lagar ein ved å kappe seg eit fingertjukt emne av rett ved utan kvist. Ein kakkar på borken med knivskaftet til borken løysnar frå veden og ein kan vri borken forsiktig laus frå greina utan at han sprekk eller rivnar. Ein følgjer så ein av fleire metodar som alle har til felles at ein brukar ein del av ved-delen av emnet til å laga ein blokk med ein spalte i og eit vinkla dobbeltsnitt i borken slik at fløyta kan blåsast på som ei blokkfløyte. Korte seljefløyter kan vera korte piper med éin tone, dei kan vera stempelpiper med glissandotonar. Dei mest brukande instrumenta er fløyter som er lange nok til at ein kan få fram fleire overtonar på dei ved overblåsing.
HøgtidsbrukEndra
Det er vanleg å taka inn seljegreiner med gåsungar (lodne blomar) på til palmesøndag i mange norske familiar. Nokre stader blir den blomande selja endatil kalla palme i denne samanhengen.
Sjå ògEndra
KjelderEndra
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
BakgrunnsstoffEndra
- (no) selje hos Artsdatabanken
- (en) selje i Encyclopedia of Life
- (en) selje i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) selje hos Dyntaxa
- (en) selje hos ITIS
- (en) selje hos NCBI
- (en) selje hos The International Plant Names Index
- (en) selje hos Tropicos
- (en) Kategori:Salix caprea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Salix caprea – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Salix caprea – detaljert informasjon på Wikispecies
- Bilete av selje Arkivert 2004-12-29 ved Wayback Machine.
- Den virtuella floran