Eldrevatnet er eit vatn som ligg i Lærdal kommune i Vestland. Innsjøen er regulert og inngår i Borgund kraftverk. Eldrevatnet ligg 1106 - 1116 m over havet. På Eldrehaugen ved sørenden av vatnet går fylkesgrensa mellom Vestland og Viken og kommunegrensa mellom Lærdal og Hemsedal. Kongevegen frå Tuv i Hemsedal til Eldrehaugen er restaurert. Langs vegen ligg fire større informasjonsinstallasjonar med historier og informasjon frå området. På Eldrehaugen vert det informert om steinalder og fangstkultur. Den gamle Kongevegen er å finne innteikna på eit gammalt kart frå Hemsedal, produsert i 1849/50.

Eldrevatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Lærdal
Høgd over havet 1116 moh.
Areal 3,48 km²
Kystlengd1 11,66 km
Koordinatar 60°59′35″N 8°9′1″E / 60.99306°N 8.15028°E / 60.99306; 8.15028
Kart
Eldrevatnet
60°59′35″N 8°09′01″E / 60.993055555556°N 8.1502777777778°E / 60.993055555556; 8.1502777777778
Wikimedia Commons: Eldrevatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.