Elektrisk piano eller elpiano er eit elektrisk musikkinstrument som lager lydar når utøvaren trykker på tangentar på det piano-aktige klaviaturet.

Elektrisk piano

Klassifiseringelektromekaniske instrument
Hornbostel-Sachs klassifisering52

Når ein trykker på tangentane gjer dei at mekaniske hammerar slår på strenger, røyrblad eller tindar av metall. Dette gjev vibtrasjonar som blir omformar til elektriske signal av magnetiske pickupar som så blir sende gjennom ein forsterkar eller høgtalar for å laga ein lyd som er høg nok til å høyrast.

Til forskjell frå ein synthesizer er ikkje eit elpiano eit elektronisk musikkinstrument, men eit elektro-mekanisk instrument. Nokre tidlege elpiano brukte metallstrenger for å laga tone, som eit tradisjonelt piano. Mindre elpiano brukte korte stålstikker til å laga tonen.

Dei første elpianoar blei laga seint på 1920-talet. Det elektriske flygelet Neo-Bechstein frå 1929 var eit av dei første. Den første versjonen utan strenger var truleg Lloyd Loar sitt Vivi-Tone Clavier. Andre kjende produsentar av elpiano var Baldwin Piano and Organ Company og Wurlitzer Company.

Kjelder endre