Musikkinstrument er gjenstandar laga til for å skapa musikk. Det går ei flytande grense mellom gjenstandar frå dagleglivet som blir brukte til å laga lyd i eit musikkstykke (t.d. vaskebrett) og instrument som er blitt særskild laga for å spelast på av musikarar. Det akademiske studiet av musikkinstrument blir kalla organologi.

Instrument frå renessansen.
Gambisk gutt med kora, eit gammalt instrument med moderne delar.
Foto: Henryk Kotowski, 2006

Det er funne musikkinstrument som stammer frå steinalderen. Det eldste moglege instrumentet kan vera opptil 67 000 år gammalt, oldsaker som dei fleste godtek som tidlege fløyter er opptil 37 000 år gamle. Kvart samfunn har utvikla sine instrument, og samtidig teke til seg nye instrumenttypar utanfrå. I mellomalderen kunne ein til dømes finna instrument som stamma frå Mesopotamia i Indonesia-øyane, medan ein i Europa brukte instrument som opphavleg kom frå Nord-Afrika.

Ein deler instrument inn på ulike måtar, til dømes gjennom korleis dei lager lyd. Eit gammalt system som kan sporast tilbake til første hundreåret f.Kr. delte instrumenta inn i fire hovudgrupper: Instrument som laga lyd gjennom vibrerande strengar, instrument som laga lyd gjennom vibrerande luft, perkusjonsinstrument laga av tre eller metall, og perkusjonsinstrument med skinntrekk, trommer.

Seinare er stemmen blitt kalla eit eige instrument, og nyare oppfinningar som ikkje passar inn i systemet er komne til, som tangentinstrument og elektroniske instrument. Det er laga fleire nye system for klassifisering av musikkinstrument, til dømes kan ein dela dei inn etter kva toneområde dei dekker: Sopran, alt, tenor, baryton eller bass.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Musikkinstrument