Elektronmikroskop

Elektronmikroskop er ei gruppe mikroskop som i staden for lys nyttar elektron til å «lyse opp» objektet med og kan gje særs store forstørringar.

Et transmisjonselektronmikroskop.

Bølgjelengda for elektron er om lag hundretusen gonger mindre enn bølgjelengda for synleg lys. Sidan oppløysingsevna for ei mikroskopisk avbilding om lag er halvparten av bølgjelengda for den nytta strålinga (Abbe-regelen), vil detaljrikdomen i eit elektronmikroskopisk bilete vere mangedobla samanlikna med eit lysmikroskopisk bilete.

Elektronmikroskop kan hovudsakleg delast opp i to kategoriar: transmisjonselektronmikroskop (TEM) og skanningelektronmikroskop (SEM).

Ein maur sett gjennom eit skanningselektronmikroskop

Elektron blir sendt ut frå eit filament (ein wolfram-tråd) i den blanke sylinderen midt i biletet, dei blir så akselerert med ei spenning på opptil 30kV (SEM) eller 3MV (TEM), og bombarderer prøva. Transmisjonsmikroksop lèt elektrona gå gjennom prøva og blir avbilda på ein fluoriserande skjerm. I skanningelektronmikroskop er det ein detektor som ser elektrona som blir reflektert frå prøveoverflata, og gjer det han ser om til eit bilete på ein TV-skjerm. Sidan elektron er mindre i utstrekking enn vanleg synleg, kan vi sjå mange fleire detaljar. I tillegg blir kontrastane avgjort av dei elektriske eigenskapane til prøva i større grad enn ved synleg ljos. Det vil seie at til dømes gull som har ein høg elektrontettleik vil visast avbilda som heilt svart i TEM (slepp ikkje elektron til den fluoriserande skjermen) eller heilt kvit i SEM (reflekterer mange elektron til detektor).

Elektronmikroskopet kan forstørre opp til ti millionar gonger, det vil seie at ein kan sjå cellestrukturer og til og med kjemiske bindingar, vel å merke ikkje enkelt og problemfritt. Det er mogleg å sjå detaljar ned i området tiendedels nanometer.

Ein annan skilnad ifrå lysmikroskopet er at materialen som blir brukt i elektronmikroskop er førehandsama i større eller mindre grad. Det er fordi elektronstrålen kan øydeleggje eller endre uhandsama material slik at det ein ser i mikroskopet ikkje blir reelt.

Kjelder endre