Elisabeth Farnese
Elisabeth Farnese (25. oktober 1692–11. juli 1766), dotter av Odoardo Farnese og Dorothea Sofie av Neuburg, var dronninggemalinne av Spania og hadde stor innverknad på den spanske utanrikspolitikken.
Elisabeth Farnese | |||
| |||
Gemalinne Gemalinne av Spania | |||
Regjeringstid | 24. desember 1714–14. januar 1724 6. september 1724–9. juli 1746 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 25. oktober 1692 | ||
Fødestad | Palazzo della Pilotta i Parma i Italia | ||
Død | 11. juli 1766 (73 år) | ||
Dødsstad | kongepalasset i Aranjuez i Aranjuez i Spania | ||
Gravstad | kongepalasset i La Granja de San Ildefonso | ||
Gift med | Filip V av Spania | ||
Dynasti | Huset Bourbon Huset Farnese | ||
Far | Odoardo Farnese | ||
Mor | Dorothea Sofia av Neuburg | ||
Born | Karl III, konge av Spania Mariana Victoria, dronning av Portugal hertug Filip av Parma Maria Teresa Rafaela, dauphine av Frankrike grev Luis av Chinchón Maria Antonia, dronning av Sardinia |
Elisabeth var fødd i Parma, hovudstaden i hertugdøemt familien hennar hadde regjert over i over to hundreår. Elisabeth vart seinare arvingen etter områda til faren då onkelen hennar Francesco Farnese av Parma og den yngre broren hans begge var barnlause.
Hertugdømet Parma vart sidan arva av den første sonen hennar, infante Carlos, og då han tok over den spanske trona gjekk tittelen til den tredje sonen hennar, infante Felipe. Det var han som danna det moderne Huset Bourbon-Parma.
Ho gifta seg så med kong Filip V av Spania og ho fekk raskt stor innverknad på han, som av dei fleste vart rekna som ein svak konge. Kongen abdiserte i 1724 og gav trona til den førstefødde arvingen (frå det første ekteskapet hans), men då den unge kongen døydde, vart Filip kalla attende til trona. I dei seinare åra hans, då han var nesten senil, var det Elisabeth som styrte det meste av Spania og sikra tronenen i Italia for sønene sine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Farnese» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.