Karl III av Spania
Karl III av Spania (20. januar 1716–14. desember 1788) var konge av Spania 1759–1788 (som Carlos III de Borbon), konge av Dei to Sicilia 1735–1759, og Hertug av Parma 1732–1735 (som Carlo I). Han var første son frå Filip V sitt andre ekteskap med Elizabeth Farnese av Parma. Han var ein av dei såkalla opplyste despotane.
Karl III | |||
| |||
Konge av Spania Konge av Napoli Konge av Sicilia | |||
Regjeringstid | 10. august 1759–14. desember 1788 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 20. januar 1716 | ||
Fødestad | Madrid | ||
Død | 14. desember 1788 | ||
Dødsstad | Madrid | ||
Gravstad | Cripta Real del Monasterio de El Escorial | ||
Gift med | Maria Amalie av Sachsen | ||
Dynasti | huset Bourbon-Anjou | ||
Far | Filip V av Spania | ||
Mor | Elisabeth Farnese | ||
Born | María Josefa Carmela, Maria Luisa av Spania, Karl IV av Spania, Ferdinand I av De to Sicilier, Infante Gabriel of Spain, Infante Antonio Pascual of Spain, Infante Francisco Javier of Spain, Maria Isabel de Borbón, Maria Josefa Antoinetta de Borbón, Maria Isabel Ana de Borbón, Infante Philip, Duke of Calabria, Maria Teresa de Borbón, Maria Anna de Borbón |
Han arva Spania etter halvbror sin Ferdinand VI. Han motarbeidde all innskrenking av kongemakta, men var ein utrøytteleg reformator og velferdspolitikar. Mellom anna vart sivil rettspleie fjerna frå påverknaden til kyrkjene. Jesuittane vart forvist frå landet i 1767, og Karl var med i arbeide for å få ordenen oppheva i 1769. I utanrikspolitikken heldt Karl seg til Frankrike, og han slutta i 1761 den bourbounske familiepakta. I 1762 vart han med i sjuårskrigen mot Storbritannia. Dette førte til nederlag både til sjøs og i Portugal, og Spania tapte Florida. Etter å ha støtta koloniane i Nord-Amerika i fridomskampen, fekk Spania Florida att i 1783.
Kjelder
endre- «Karl 3. (konge av Spania)» i Store norske leksikon, snl.no.