Elisabeth Bakke
Elisabeth Bakke (fødd 23. mars 1962) i Lom) er ein norsk statsvitar som for tida er fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo (UiO).
Elisabeth Bakke | |||
Fødd | 23. mars 1962 Lom kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | statsvitskap | ||
Yrke | statsmann, professor, skribent, statsvitar |
I 1989 tok Bakke hovudfag i statsvitskap ved UiO med temaet jugoslavisk nasjonalitetspolitikk mellom 1945 og 1980. I 1999 avla ho doktorgraden same stad med ein avhandling om nasjonalitetsproblema i Tsjekkoslovakia i mellomkrigstida. Frå 1989 til 1993 var Bakke informasjonssjef i Senterpartiet.
Dei faglege hovudinteressene hennar knyter seg til nasjonalisme, nasjonal identitet og nasjonalitetspolitikk, Sentral- og Aust-Europa (med unntak av det tidlegare Sovjetunionen), europeisk identitet, samt demokratisering og partiutvikling.[1]
Bibliografi (utval)
endre- Bakke, Elisabeth & Nick Sitter (2005): Patterns of Stability. Party Competition and Strategy in Central Europe since 1989, Party Politics, Vol 11. no. 2 (2005): 243–265.
- Bakke, Elisabeth (2004): The making of Czechoslovakism in the First Republic, i: Martin Schulze Wessel (red): Loyalitäten im polyethnischen, multikonfessionellen Staat: Die Erste Tschechoslowakische Republik 1918–1938. München: Collegium Carolinum.
- Bakke, Elisabeth (2004): Defenestrasjon – ein tsjekkisk politisk tradisjon? Nordisk Østforum vol. 18, 2/2004: 145–162.
- Bakke, Elisabeth (red.) (2002): Sentral-Europa og Baltikum etter 1989. Oslo: Det Norske Samlaget.
- Bakke, Elisabeth (2001): Språk og nasjonsforming i Noreg i eit europeisk perspektiv, i Elisabeth Bakke & Håvard Teigen (red.): Kampen for språket.Oslo: Samlaget.
- Bakke, Elisabeth (2001): Kva(r) er Sentral-Europa? i Harald Baldersheim & Knut Heidar (red.): Statsvitenskapelige utsyn. Kristiansand S: Høyskoleforlaget.
- Bakke, Elisabeth (2000): Tomáš G. Masaryk og det tsjekkiske spørsmål, i Nordisk Østforum 2/2000.
- Bakke, Elisabeth (1999): Doomed to failure? The Czechoslovak nation project and the Slovak autonomist reaction 1919–1938. Oslo: Series of dissertations submitted to the Department of Political Science, Faculty of Social Sciences, University of Oslo, No. 11/99
- Bakke, Elisabeth (1995): Mot ein europeisk identitet? i Tidsskrift for samfunnsforskning 4/1995.
- Bakke, Elisabeth (1989): På slakk line. Jugoslavisk nasjonalitetspolitikk 1945-1980, hovudoppgåve i statsvitenskap, Universitetet i Oslo.
Referanser
endreBakgrunnsstoff
endre- Presentasjon på UiOs sider
- Presentasjon av Bakkes disputas, UiOs nettsider
- Publikasjonar av Elisabeth Bakke i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin