Opna hovudmenyen

Hovudfag var det faget som ein tok høgare eksamen i ved eit norsk universitet innanfor visse fagområde (humanistiske, matematisk-naturvitskaplege fag mv.). Tilsvarande omgrep for andre fagområde var embetseksamen, f. eks. innan jus, medisin og teologi. Ordninga med hovudfag er i dag avvikla i samband med innføringa av master- og bachelorgrad.

Som hovudfag valde ein eit av dei faga der ein allreie hadde eit mellomfag. Hovudfagsstudiet varte normalt i halvtanna til to og eit halvt år, og studiet bestod av både kurs og sjølvstendig forskingsarbeid. Forskingsarbeidet skulle resultere i ei hovudoppgåve, normalt på 80–150 sider. Tok ein hovudfag i eit historisk-filosofisk fag blei ein cand.philol., og for samfunnsvitskaplege fag, cand.polit.. Hovudfag i realfag gav tittelen cand.scient., tidlegare var dette cand.real.-tittelen.

Eksamen av lågare grad gav rett til tittelen cand.mag. (skuleembetseksamen). For historisk-filosofiske og samfunnsvitskaplege fag var kravet då eitt grunnfag og to mellomfag og studiet tok om lag 4 år. For realfag fekk ein cand.mag.-grada etter tre og eit halvt års studium.

Vårsemesteret 2007 var siste frist for å gjere ferdig eit hovudfag, og graden blei deretter erstatta med mastergrad.