Eliteserien i handball 1977/78–Kvinner
Eliteserien i handball 1977/78 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla tida frå 23. september 1977 til 12. februar 1978.
Idrettslaget Vestar frå Oslo vart norsk seriemeister for sjuande året i rad. Karen Fladset var som åra før trenar og sentral spelar i eit mannskap der spelarar som Anne Eriksen, Grethe Tønnesen, Kari Aagaard, Berit Urdal, Tove Guntvedt og målvakta Siri Keul bidrog sitt til triumfen.
Poengtabell
endrePlass | Lag | Kampar | Målskår | Poeng |
1 | Vestar | 22 | 254-178 | 37 |
2 | Brandval | 22 | 274-204 | 36 |
3 | Skogn IL | 22 | 264-218 | 33 |
4 | Skjeberg IF | 22 | 221-195 | 28 |
5 | Nordstrand IF | 22 | 264-246 | 24 |
6 | Stabæk IF | 22 | 238-224 | 23 |
7 | Kjelsås IL | 22 | 206-221 | 18 |
8 | Glassverket IF | 22 | 177-202 | 18 |
9 | Sverresborg IF | 22 | 218-257 | 18 |
10 | Freidig | 22 | 195-224 | 16 |
11 | Fjellhammer IL | 22 | 194-282 | 7 |
12 | Lisleby | 22 | 184-238 | 6 |
Kjelder
endre- Sportsboken 78-79. Dreyer Bok Stavanger. 1978.