Karen Fladset (fødd 27. mai 1944) er ein norsk tidlegare idrettsutøvar frå Molde. Ho vart nordisk meister i handball i 1970 med Noreg og åtte gongar seriemeister med Idrettslaget Vestar. Landslagstrenar for kvinner 1982-84. Fladset var mange sesongar aktiv også i friidrett og vart tre gongar noregsmeister i diskoskasting.

Karen Fladset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mai 1944 (79 år)
Ålesund kommune
Idrett handball

Karriere endre

Friidrett endre

Fladset var aktiv friidrettsutøvar i Sportsklubben Olymp i Molde. 18 år gammal kneip ho gullmedaljen i diskoskast under noregsmeisterskapen i Drammen, med 36,13 m slo ho nummer to med 31 cm. Året etter fekk ho bronse i øvinga etter eit kast på 36,40 m. Midt i 1960-åra flytta Fladset til Oslo og melde seg inn i IL Vestar. I 1966 vart ho noregsmeister i diskos for andre gong, på Nadderud stadion i Bærum kasta ho 37,42 m og slo Lillian Jensen med 11 cm. Ho forsvarte NM-tittelenLerkendal stadion i Trondheim, der diskosen landa på 38,24 m. Same sesongen sette ho personleg rekord med 39,84 m. Fladset tok si femte NM-medalje i diskos då ho i 1968 vart nummer tre med 37,50, klart slått av Anne Lise Wærness og Marit Dalby.

Handball endre

Fladset var Molde HK-spelar då ho debuterte på det norske handballandslaget i 1962, og spelte 86 landskampar i åra fram til 1973. Ho var ein framifrå skyttar frå sin rykkromplass, dei siste 5-6 sesongane på landslaget var ho i mest kvar einaste kamp norsk toppskårar. Hausten 1970 skåra ho 24 av dei 56 norske måla då Noreg vann den nordiske meisterskapen på heimebane i Østfold. Ho deltok i handball-VM både i 1971 og 1973.

Frå siste halvdel av 1960-åra til ho la opp i 1979, var Fladset den sentrale spelaren på IL Vestar. I 1970-åra dominerte Vestar norsk kvinnehandball og vann heile åtte seriemeisterskap, i cupen nøgde oslolaget seg med to triumfar. Fire av desse sesongane vart toppskårar i serien. Perioden 1970–79 var Fladset også trenar for Vestar, som to gongar tok seg heilt til semifinalane i europacupen. Frå 1982 til -84 var ho norsk landslagstrenar og førte dei norske kvinnene til 7. plass i Handball-VM, Noregs beste plassering til dess.

Kjelder endre