Eliteserien i handball 1980/81–Karar
Eliteserien i handball 1980/81 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla tida frå 10. september 1980 til 22. mars 1981. 8 av laga var heimehøyrande i Stor-Oslo (Oslo og tilgrensande kommunar).
Nordstrand Idrettsforening frå Oslo vart seriemeister for aller fyrste gong. Gunnar Helgevold, Gunnar Tverdal, Jon Paulsen, Ole Gundem og Halvor Dahl høyrde til dei beste spelarane i Nordstrand-mannskapet.
Poengtabell
endrePlass | Lag | Kampar | Målskår | Poeng |
1 | Nordstrand IF | 22 | 428-389 | 32 |
2 | Fredensborg/Ski | 22 | 482-400 | 30 |
3 | Kristiansand IF | 22 | 459-408 | 27 |
4 | Fjellhammer IL | 22 | 383-359 | 27 |
5 | Kolbotn IL | 22 | 4129-393 | 27 |
6 | Kragerø IF | 22 | 421-424 | 25 |
7 | Bækkelaget SK | 22 | 434-441 | 22 |
8 | Refstad IL | 22 | 411-419 | 19 |
9 | SK Rapp | 22 | 402-430 | 19 |
10 | Oppsal IF | 22 | 389-391 | 17 |
11 | Skien BK | 22 | 413-459 | 12 |
12 | Stabæk IF | 22 | 355-476 | 7 |
Kjelder
endre- Sportsboken 81-82. Dreyer Bok Stavanger. 1981.