Eliteserien i handball 1998/99–Karar

Eliteserien i handball 1998/99 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 20. september 1998 til 18. april 1999.

Sandefjord Håndballklubb vart seriemeister for andre gong, etter å ha vunne alle kampane. Laget bestod av Øystein Havang, Johnny Jensen, Geir Oustorp, Pål Cramer, Preben Vildalen, Eivind Wingsternæs, Erik Hucko, Thomas Pettersen, Atle Larsen, Eivind Ellingsen og målvakta Gunnar Fosseng.

Poengtabell

endre
Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Sandefjord HK 22 702-504 44
2 Viking HK 22 742-563 36
3 IL Runar 22 668-560 33
4 Herkules 22 654-665 24
5 Drammen HK 22 618-613 22
6 Heimdal IF 22 611-647 22
7 Stavanger IF 22 619-595 21
8 Bodø HK 22 566-612 20
9 Kragerø IF 22 547-618 15
10 Fyllingen IL 22 515-646 11
11 Vestli 22 556-613 10
12 IL Norrøna 22 511-673 6

Kjelder

endre
  • Sportsboken 1999. Chr. Schibsteds Forlag. 1999.