Elling A. Seljeset

Elling A. Seljeset (2. september 18611951), kjend som Elling A. Seljeset den eldre, var ein norsk folkesongar frå Seljeset i Hornindal i Sogn og Fjordane. Saman med kona Irvine Pedersdatter Seljeset fekk Elling Andersson Seljeset til saman 12 born, mellom anna Anders Ellingsen Seljeset og Marta Seljeset Frøland. Elling A. Seljeset var farfar til folkemusikaren Elling Seljeset den yngre. Farmor til Elling A. Seljeset var spelekvinna Samuline Seljeset.

Elling A. Seljeset
Fødd 2. september 1861
Død

1951 (90 år)

Yrke musikar

Seljeset samla og formidla kveding frå Hornindal. Han hadde songtradisjon frå faren og mora, Anders Ellingssen Seljeset (1836-1857) og Synneve Andersdatter Vinsrygg Seljeset (1830-1886). Elling A. Seljeset song i mange ulike samankomstar, mellom anna gravferder og bryllaup. NRK gjorde lydopptak av Seljeset i 1939, og desse opptaka blei mellom anna sende i radioprogrammet Folkemusikkhalvtimen ved Rolf Myklebust i 1961.

KjelderEndra