Rolf Myklebust

norsk journalist

Rolf Myklebust. (27. november 190819. juni 1990)[1] var ein norsk fiolinist, kapellmeister og programskapar.

Rolf Myklebust
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. november 1908
Stryn kommune
Død

19. juni 1990 (81 år)
Oslo

Yrke musikar, dirigent
Språk nynorsk

Liv og gjerning endre

Myklebust var frå Stryn, der faren var skreddar og felespelar. Rolf tok utdanning ved Musikkonservatoriet i Oslo, og hos konsertmester Gustav Fredrik Lange. Han debuterte i 1931 og gav i åra etter konsertar kring om i landet. Myklebust var lærar i felespel på Musikkonservatoriet frå 1935 til 1952. Han var 1. fiolinist i Oslo-Filharmonien frå 1940 til 1952 da han måtte gje opp musikarkarrièren grunna ein skade i venstrehanda. Myklebust leia sitt eige orkester frå 1945 til langt ut på femtitalet. Rolf Myklebusts ensemble og Turdansensemblet spela òg inn grammofonplater med turdansar. Verksemda vart ført vidare i mellom anna Kai Angel Næsteby s ensemble.

Myklebust vart i 1952 tilsett som programsekretær i Norsk Rikskringkasting NRK, med ansvar for folkemusikken. Denne avdelinga leia han fram til 1978, og samla i desse år inn over tretti tusen lydopptak. Alle åra leia han programposten Folkemusikkhalvtimen.

Myklebust budde og døydde i Oslo.

Prisar endre

Bibliografi endre

Bøker endre

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

  • Bokmålswikipedia
  • Norsk Allkunnebok, VIII. bandet, 1957-58

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre