Elva Cailly
Cailly er ei elv i Frankrike, og ei av sideelvane til Seinen til høgre. Ho ligg i departementet Seine-Maritime i regionen Basse-Normandie. Ho har ei lengd på 29 km. Elva renn gjennom Fontaine-le-Bourg, Malaunay, Notre-Dame-de-Bondeville og Maromme, og munnar ut i Seinen ved Rouen.
Cailly | |||
elv | |||
Cailly ved Notre-Dame-de-Bondeville
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 248 km² | ||
Lengd | 29 km | ||
Middelvassføring | 3 m³/s | ||
Kjelde | Basse-Normandie | ||
Munning | Seinen | ||
Elva Cailly 49°26′56″N 1°03′08″E / 49.44888889°N 1.05222222°E | |||
Wikimedia Commons: Cailly River |
Historie
endrePå 1700- og 1800-talet vart dalen fylt med tekstilfabrikkar, og han fekk kallenamnet la petite Manchester (Litle Manchester) etter den engelske industribyen.