Gouwe er ei kanalisert elv i Zuid-Holland i Nederland. Ho renn frå nord til sør frå Oude Rijn til Hollandse IJssel.

Gouwe
elv
Løftebru over Gouwe ved Alphen aan den Rijn
Land  Nederland
Lengd 14 km
Kjelde Oude Rijn
Munning Hollandse IJssel
Kart
Elva Gouwe
52°07′08″N 4°40′28″E / 52.118842°N 4.674582°E / 52.118842; 4.674582
Wikimedia Commons: Gouwe river

Frå Alphen aan den Rijn, der Gouwe byrjar ved Gouwslusene, renn ho gjennom Boskoop og Waddinxveen til Gouda. Her deler ho seg i det gamle elvefaret gjennom byen og i Gouwekanalen på vestsida av byen.

Gouwe var tidlegare ein del hovudskipsårene i Nederland og kopla Dordrecht til Haarlem og seinare Amsterdam. Desse byane, i lag med grevane av Holland, tok inn skattar ved Gouda og Spaarndam, til stor irritasjon for byane Delft og Leiden som denne ruta ikkje gjekk innom.

Gouwe er framleis ei viktig transportåre. Ved elva Oude Rijn kan ein halde fram nordover Aarkanaal. Ho fungerer òg som den største vassutløpet for Rijnland-regionen.

Det er bygd tre imponerande løftebruer over Gouwe ved Alphen aan den Rijn, Boskoop og Waddinxveen.

Kjelder endre