Hase er ei elv i Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Ems frå høgre med ei lengd på 193 km. Delar av elva renn derimot til Else, som høyrer til vassystemet til Weser. Ho har utspring i Teutoburgerskogen, søraust for Osnabrück, på nordsida av den 307 meter høge åsen Hankenüll.

Elva Hase
elv
Hase delar seg i to greiner ved Melle
Land  Tyskland
Lengd 193 km
Kjelde Teutoburgerskogen
Munning Ems
Kart
Hase
52°07′57″N 8°15′53″E / 52.132416666667°N 8.2646666666667°E / 52.132416666667; 8.2646666666667
Wikimedia Commons: Hase

Vasskiljet Weser-Ems endre

Etter om lag 15 km, nær Gesmold (om lag 6 km vest for Melle) deler Hase seg i to greiner, som hamnar på kvar si side av vasskiljet mellom Ems og Weser:

  • ein tredjedel av vatnet renn på sørsida av Wiehengebirge aust for Gesmold og inn i Else, som har sitt utspring her. Ho renn ut i Werre ved Kirchlengem (nord for Herford). Werre er ei sideelv til Weser.
  • to tredjedelar av vatnet renn nordvestover frå Gesmold mot Osnabrück, forbi byane nemnd nedanfor, mot Meppen, der ho munnar ut i Ems.

Byar ved Hase endre

Kjelder endre