Emersjon
Emersjon er tilsynekomsten av ein himmellekam som tidlegare har vore usynleg på grunn av okkultasjon eller formørking.
Omgrepet vert òg nytta om avsluttinga på ein Merkur- eller Venuspassasje. Det motsette er immersjon.
Emersjonstida er det tidspunktet då emersjonen oppstår.
Kjelder
endre- «Emersjon», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 26. mai 2016