Carl Ludvig Emil Aarestrup (fødd 4. desember 1800 i København, død 21. juli 1856 i Odense)[1] var ein dansk lege, som i dag er betre kjend som seinromantisk diktar og fornyar av den erotiske lyrikken.

Emil Aarestrup

Statsborgarskap Danmark
Fødd 4. desember 1800
København
Død

21. juli 1856 (55 år)
Odense

Yrke lyrikar, lege, medisinsk forfattar, skribent
Språk dansk
Emil Aarestrup på Commons

Emil Aarestrup studerte medisin og etablerte seg som lege på Lolland og var seinare fylkeslege i Odense.[1]

Medan han levde gav han berre ut ei enkelt samling, Digte i 1838. Han skreiv lyrikk til skrivebordskuffa (stort sett alt han skreiv vart ikkje gjeve ut), elles gjekk lyrikken hans i manuskript frå hand til hand og vakte ei viss oppsikt; men han vart ikkje lagt merke til av kritikarane på denne tida. Først etter han var død vart diktinga hans allment kjent på grunn av ei avhandling av Georg Brandes.

Aarestrup omsette mange diktarar som Heinrich Heine, Lord Byron og Thomas Moore til dansk.[2]

«Paa Sneen» er teken opp i lyrikkantologien i den danske kulturkanonen.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Emil Aarestrup». Gyldendal / Den Store Danske (på dansk). Henta 11. november 2014. 
  2. «Emil Aarestrup». Arkiv for dansk litteratur (på dansk). Henta 11. november 2014. 
  3. Kulturkanonen Kulturkanonen Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. lyrikkantologien side 132

Bakgrunnsstoff endre