Emissivitet
Emissivitet eller strålingsevne er tilhøvet mellom den energien som blir sendt ut frå ein lekam i form av elektromagnetisk stråling (varme- og lysstråling) og den energien ein svart lekam ved same temperatur ville ha sendt ut. Emissivitet har symbolet e.
Ein perfekt absorbator har emissivitet e = 1, og vil sjå ut som ein svart lekam. Huda til mennesket har emissivitet for synleg lys mellom e = 0,80 (mørk hud) og e = 0,65 (ljos hud). Ein skil mellom total emissivitet, som omfattar heile spekteret, og spektral emissivitet, som syner til emissiviteten ved ei særskild bølgjelengd.
Kjelder
endre- «emissivitet». Store norske leksikon. Henta 2. oktober 2012.