Opna hovudmenyen

Hud

mjukt omslagsorgan hos ryggradsdyr
Hudlag med eit hår. 1 og 2 er overhud, 3 er lêrhud, 4 er underhud

Hud eller skinn (latin cutis, gresk derma) er ein vevstype som dekker kroppsyta til ei rekke dyr, mellom dei menneske. Huda er eit organ som vernar mot omverda, tek imot sanseinntrykk, skil ut nyttige stoff og hjelper til med å endra varme og væskenivå i kroppen.

Huda er ein del av bindevevssystemet, og blir studert innan dermatologi. Ho har tre lag, kalla overhud (epidermis), lêrhud (dermis, corium) og underhud (hypodermis, subcutis).

Eit vaksent menneske har om lag 2 m² hud. Vekta er inntil 1/6 av den samla kroppsvekta (4-5 kg). Huda er det største organet på kroppen. Mennesker har omtrent ein kvart kilo daud hud ytterst.

FunksjonEndra

Hud vernar både mekanisk, ved å stoppa til dømes stråling og bakteriar, og ved å skilja ut visse stoff som vernar mot patogen. Huda kan også laga og isolera D-vitamin ved hjelp av sollys.

KjelderEndra

  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.