Emmental
Emmental er eit område vest i det sentrale Sveits, og ein del av kantonen Bern. Det er eit åslendt landskap som består av nedslagsfelta til elvane Emme og Ilfis. Regionen er hovudsakleg eit jordbruksområde, særleg meieridrift. Av kjende byar i området finn ein Burgdorf og Langnau.
Emmental | |||
region | |||
Bondegard i Emmental.
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Emmental 46°55′09″N 7°46′43″E / 46.91922°N 7.77868°E | |||
Wikimedia Commons: Emmental |
Det består av distrikta Burgdorf, Trachselwald og Signau i kantonen Bern og Emmental vart ein del av den administrative regionen Emmental-Oberaargau den 1. januar 2010. Distriktet Fraubrunnen er delt mellom Emmental og Bern-Mittelland.
Den originale emmentalosten vert produsert her, og meieriindustrien dominerer stadig den lokale økonomien.
Kultur
endreTypiske gardshus i Emmental har eit bratt tak med overheng som nesten når bakken.
Forfattaren Jeremias Gotthelf (1797–1854) var pastor i Emmental, og skreiv om regionen.
Emmental spelte også ei viktig rolle i historia til mennonittane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Emmental» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Den tyske versjonen av artikkelen.
Bakgrunnsstoff
endre- Emmental på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Turisme i Emmental