Jeremias Gotthelf

sveitsisk skribent

Jeremias Gotthelf (pseudonym for Albert Bitzius; 4. oktober 179722. oktober 1854) var ein sveitsisk forfattar og sokneprest.

Jeremias Gotthelf

Pseudonym Jeremias Gotthelf
Statsborgarskap Sveits
Fødd 4. oktober 1797
Murten
Død

22. oktober 1854 (57 år)
Lützelflüh

Yrke skribent, romanforfattar, protestantisk prest, teolog
Medlem av Zofingia
Religion reformed
Ektefelle Henriette Bitzius-Zeender
Born Albert Bitzius, Henriette Rüetschi
Jeremias Gotthelf på Commons

Bitzius var fødd i Murten som son av ein prest, og var frå 1832 sjølv prest i Lützelflüh i Emmental. Med debutboka Der Bauernspiegel odar Lebesgeschichet des J. G. (1837; «Bondespegelen») verka han som ei av dei fremste bondeskildrarane i den tyskspråklege litteraturen. Debutboka var skriven i fyrsteperson som ein sjølvbiografi tillagd den fiktive forteljaren Jeremias Gotthelf, og forfattaren tok sidan namnet i bruk for heile forfattarskapen. Han skreiv i alt 12-13 romanar og kring 50 noveller i dei 18 åra han verka som forfattar.

Nesten alle forteljingane hans går føre seg «blant sveitsiske bønder og landsbyfolk».[1] Den opphavlege målgruppa hans var soknebarna, og dei didaktiske intensjonane følgjer med også når han skriv for eit større publikum.[2] Han «la større vekt på folkeoppdragende momenter enn på kunstnerisk utføring», og for han «var det ingen skillelinje mellom prestegjerningen og litteraturen; ja, han nøler ikke med å fletta inn bruddstykker av sine prekener i romanene.»[3][4] Slik verkar tekstane ofte som impulsive kollasjar, som ei blanding av praktiske råd, oppbygging, anekdotar og roman.[4] Trass i avgrensingane som ligg i skrivestilen og i dei didaktiske intensjonane blir Gotthelf rekna som ein klassikar, og blir omtalt som «ein sveitsisk Homer», på grunn av ein «fortellerevne av uvanlig kraft og en realisme som har sett både menneskets storhet og dets elendighet.»[4][2]

På norsk finnes Gull og kjærlighet (1950; Geld und Geist 1844) og Den sorte edderkopp (1975 i Mesterverk fra verdenslitteraturen; Die schwarze Spinne 1842). Andre viktige bøker er Uli der Knecht (1841) og oppfølgjaren Uli der Pächter (1846), som skildrar «tjenestegutten Ulis utvikling fra lømmel og ranglefant til aktverdig selveierbonde.»[5]

Kjelder endre

  1. Tore Zetterholm. Levende litteratur, fra Gilgamesj til Dylan. Bokklubben, 1986. ISBN 82-525-1283-6
  2. 2,0 2,1 Tore Zetterholm. Levende litteratur, fra Gilgamesj til Dylan. Bokklubben, 1986. ISBN 82-525-1283-6
  3. «Jeremias_Gotthelf» i Store norske leksikon, snl.no.
  4. 4,0 4,1 4,2 Claude David. «Tysk litteratur». I: Verdens litteraturhistorie; bind 8; Realismen. Redigert av Edvard Beyer mfl. Cappelen, 1972
  5. Snorre Evensberget. Litterært leksikon. Stenersen, 2000. ISBN 82-7201-261-8

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Jeremias Gotthelf ved Wikisource (de).