Enaresamisk revitalisering

Enaresamisk revitalisering er eit prosjekt for å snu språkskifteprosessen frå enaresamisk til finsk som hadde gått føre seg i det enaresamiske språksamfunnet i løpet av 1900-talet.

Utgangspunktet ved inngangen til det siste tiåret av 1900-talet var eit språksamfunn på rundt 300 talarar, der berre eit fåtal talarar var fødd etter 1940-talet. Enaresamisk var relativt godt utforska, med både ei referanseordbok (Itkonen og Laitinen) og ei praktisk ordbok (Morottaja og Sammallahti), i tillegg til filologiske tekstsamlingar som dokumenterte enaresamiske dialektar.

Revitaliseringa vart starta med grunnlegginga av foreininga Anarâškielâ servi i 1986. Året etter vart bladet Anarâš-lostâ stifta. I 1997 fekk Anarâškielâ servi støtte til å starte opp eit språkreir i Enare, Kielâpiervâl. Dette språkreiret, og seinare to andre har seinare tatt i mot barn kvart einaste år. Vinteren 2009-2010 fekk 17 studentar eit heilt års fulltidsutdanning i enaresamisk. Opplegget rundt dette året er grundig skildra i Olthuis, Kivelä og Skutnabb-Kangas.

I 2015-17 gjennomførte Giellatekno ved UiT Noregs arktiske universitet eit språkteknologisk prosjekt for enaresamisk, som resulterte i eit retteprogram, ei e-ordbok og eit maskinomsetjingsprogram mellom enaresamisk og nordsamisk. I 2018 sette Anarâškielâ servi i gang prosjetet Čyeti čälled anarâškielân (Hundre skribentar på enaresamisk), med målet om å produsere tusen sider ungdomslitteratur for enaresamisk.

Resultatet av tre tiår med revitalisering var eit språksamfunn med rundt 450 talarar, med hovudtyngda under 40 år.

LitteraturEdit

  • Olthuis, Marja-Liisa - Kivelä, Suvi & Skutnabb-Kangas, Tove (2013): Revitalising Indigenous Languages. How to Recreate a Lost Generation. Bristol: Multilingual Matters.
  • Pasanen, Annika 2015: Kuávsui já peeivičuovâ. 'Sarastus ja päivänvalo': Inarinsaamen kielen revitalisaatio. Doktorgradsavhandling. Helsingin yliopisto. (samandrag)