Språkskifte (engelsk language shift) er ein prosess der eit språksamfunn går over frå å bruka eit språk til å bruka eit anna. Ofte er det nye språket forbunde med høgare prestisje enn det andre. Skiftet av språk medfører derfor ofte òg ei endring av kultur og veremåte. Prosessen der samfunnet først blir tospråkleg og så gradvis går heilt over til det nye språket blir kalla for assimilasjon. Prosessen kan strekka seg over to eller tre generasjonar.[1]

Språkskifte i 1800-talet i sørlege Slesvig
Dansk og tysk kart som viser språkskiftet i sørlege Slesvig på 1800-talet

Frå sørlege Slesvig kjenner ein språkskiftet frå dansk og frisisk til tysk omgangsspråk. Andre døme er angelsaksarane si erobring av Storbritannia og fortrenginga av keltiske språk, og overgang frå nederlandsk til fransk i Brussel/Belgia.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Bernard Comrie: Sprachen, Gene und Vorgeschichte mit besonderer Berücksichtigung Europas. i: Günter Hauska (Hrsg.): Gene, Sprachen und ihre Evolution. Universitätsverlag, Regensburg 2005. ISBN 3-930480-46-8

Bakgrunnsstoff endre