Energikjelde er ei nemning på ulike kjelder menneska har henta eller hentar ut energi frå. Me kan dela kjeldene inn på ulike måtar, til dømes i fornybare og ikkje-fornybare energikjelder.

Opphav endre

Dei fleste typar energikjelder er eigentleg lagra energi som opphavleg stammar frå sola. Dette gjeld til dømes petroleumsenergi, vindkraft og vasskraft. Atomenergi, jordvarme og tidevassenergi er døme på energikjelder der energien ikkje stammar frå sola.

  Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.