Petroleum (frå latin petra, stein, berg, og oleum, olje), òg kalla råolje og mineralolje (og stundom «svart gull»), femnar om både råolje, naturgass, naturgasskondensat og NGL. Petroleum er ei tjukk, mørk brun eller grøn brennbar væske som finst i øvre del av jordskorpa. Petroleum vert utgjort av ei kompleks blanding av ulike hydrokarbonar, for det meste av metan. Petroleum kan variera mykje i utsjånad, samansetting og reinleik.

Ukontrollerte utslepp av petroleum kan føra til store økologiske problem.

Petroleum og samfunn endre

Utover 1900-talet auka menneskja sitt energibehov kraftig, både grunna folkevekst, men òg med framveksten av forbrenningsmotoren som naudsynt hjelpemiddel i nær all slags transport. Dette har gjort særskilt petroleum ettertrakta, då det er ein avgrensa og ikkje-fornybar energikjelde, samstundes som det er råstoffet for drivstoffet til forbrenningsmotoren.

Land som nyttar meir petroleum enn dei kan produsere sjølve, har vorte svært avhengige av stabile leverandørar, til dømes har USA gått inn i tette samarbeidsavtalar med Saudi Arabia for å sikre importen. Land som produserer nok til å eksportere, til dømes Noreg og Saudi Arabia, har opplevd til dels kraftige auke i økonomi og velstand. Desse landa har igjen hatt lett for å verte for avhengige av sal av petroleum, både med tanke på pris i kortare perspektiv, men òg i forhold til at det vil gå tomt. Noreg sparer difor store delar av oljeinntektene i petroleumsfondet for ettertida.

Ettersom dei aller fleste landa må importere petroleum, kan mangel og rask auke i pris, føre til økonomiske kriser, både i mindre (til dømes for transportselskap) og større skala, slik som då oljekrisa i 1973 førte til stillstand i mange bransjar i den vestlege verda, òg i Noreg som på den tida ikkje hadde kome fullt i gang med eigen produksjon. Forholdet mellom dei arabiske nasjonane, som då stod for store delar av produksjonen i verda, og dei vestlege stormaktene, vart svært dårleg, og mange trudde at det var fare for krig.

Petroleumsverksemdene knytte til produksjon, transport og vidareforedling, har grunna dette vorte svært viktige og lukrative for stader der desse verksemdene har vorte lagt. Ringverknadane for desse stadene har gjerne ført til store skilnader i velstand og rikdom, òg i lokal målestokk.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Petroleum
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.