Opna hovudmenyen

Jon Engly Lie (4. august 19191. november 2001) var ein norsk politikar frå Vennesla. Han var innvald på Stortinget for Arbeidarpartiet frå Vest-Agder i tida 1973–1985.

Engly Lie
Fødd4. august 1919
Død1. november 2001
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Lie, som var son til ein skiftformann, gjekk i tømrarlære 1937–40 og tok sveinebrev i 1945. Han arbeidde som tømrar frå 1938 til 1952. Deretter var han tømmeroppmålar ved Aust- og Vest-Agders målekontor fram til 1973, då han fekk plass på Stortinget.

Lie var medlem av Vennesla kommunestyre 1952–73, ordførar frå 1.1.1960 til ut 1973. Som ordførar var han også medlem av fylkestinget i Vest-Agder.

Alle tolv åra på Stortinget var Lie medlem i Samferdslekomiteen, frå 1977 i tillegg medlem i Valkomiteen, samt frå 1981 også medlem i Fullmaktskomiteen.

KjelderEndra